Vil du hjelpa ein ung asylsøkjar i Lund?

Tilstrøyminga av einslege mindreårige asylsøkjarar til Norge aukar sterkt, og UDI har bede fleire mottak om å leggja til rette for å kunna ta imot ein del av desse. Sana Lund på Moi har inngått avtale med UDI om å ta imot 30 ungdommar i alderen 15-18 år, og desse kjem frå 28. september og ut over i oktober.

Alle einslege under 18 år som søkjer asyl i Norge har rett på ein representant. Representanten må vera i kontakt med advokaten og med utlendingsmyndigheitene, og han eller ho skal også sjå til at den mindreårige får forsvarleg omsorg og eventuelt helsehjelp.

Det er Fylkesmannen som nemner opp representantar, og nå treng dei fleire i Lund som kan ta på seg ei slik oppgåve. Fylkesmannen gir opplæring og rettleiing til representantane. Kvart oppdrag blir godtgjort etter fast sats på 850 kroner per månad, samt 100 kroner per månad til utgiftsdekning. Det vil vera ein fordel å kunna snakka litt engelsk, men representantar kan også rekvirera tolk.

Dersom dette er noko du kan tenkja deg, er det fint om du tar kontakt med Fylkesmannen i Rogaland ved rådgivar Anne Beth Hovland, telefon 51 56 88 87; e-post fmroabh@fylkesmannen.no eller fagdirektør Kristine Enger, telefon 51 56 88 28; e-post fmroken@fylkesmannen.no

Tips ein ven Skriv ut