5350374  0

Tiltak i Sira Kvina vannområde

Vannforskriftsarbeidet i Sira Kvina vannområde

I etterkant av at tilstanden til elvar og innsjøar i Sira Kvina vannområde har blitt fastsett, er det oppretta tiltaksanalyse-grupper for å vurdera tiltak for vannforekomstar som står i risiko for ikkje å nå vannforskriftas mål om god tilstand innan 2021.

Tiltaksanalyseperioden er no i avslutningsfasen. Tiltaka som er foreslått frå dei forskjellige gruppene vil i løpet av perioden des. 2013 – feb. 2014 verta oversendt Vest-Agder fylkeskommune som vannregionmyndighet.

Det vil i den samanheng verta arrangert:

Opne møte vedr. vannforskriftsarbeidet i Sira-Kvina vannområde.

Sirdal:
Tid: Måndag 16. des. kl 19.00.
Stad: Kommunestyresalen. Sirdal rådhus.
 
Flekkefjord:
Tid: Tysdag 17. des. kl 19.00.
Stad: Formannskapssalen. Flekkefjord rådhus.
 
 
Forslaga til tiltak vil bli presenterte på desse møta og alle er velkomne til å koma med innspel.
Gå evt. inn på dokumentet “Informasjon om vannforskriftsarbeidet og liste over aktuelle tiltak pr 19.12.2013” for å sjå den førebels lista over tiltak som er foreslått. (eller finn tiltaka også med å scrolla nedover på denne sida).
Om prioriteringa:
Tiltaka skal i utgangspunktet prioriterast i høve til kostnadseffektivitet. Altså på ein slik måte at ein potensielt får mest mogeleg goder igjen for eit gjeve antal investerte kroner.
Hovudparten av tiltaka som er prioriterte i Sira Kvina vannområde heng saman med reguleringa av vatn og elvar i dette området.
 
Tiltaka:
 
Øvre del av Sira:
 
Tiltak som har fått 1. prioritet og som ei samla tiltaksanalyse-gruppe stiller seg bak:
 
  • Etablering av minstevassføring i Skreåna. Ved byggjing av dam og regulering av Ytre Skredåvatn vil dette tiltaket kunna gjennomførast utan at konsesjonsvatn vert nytta. Vatnslepp her er hovudsakleg tenkt gjennomført i sommarhalvåret. Vil også koma hovudløpet i Sira til nytte.
  • Opparbeiding av fiskeplassar i Sira. Brukarmål. Ein ser føre seg opparbeiding av 3 fiskeplassar. T.d. på Sinnes, Lindeland og Tonstad. Minst ein av desse av ein slik standard at han kan nyttast av handicappa personar.
  • Biotopforbetrande tiltak i Sira. Sira-Kvina kraftselskap utarbeidar ein plan for biotopforbetrande tiltak.
Tiltak som har 1. prioritet, men der det er dissens i gruppa. Representantane for Sira Kvina kraftselskap stiller seg ikkje bak desse tiltaka:
 
  • Minstevassføring i Ousdalsåna.
  • Minstevassføring i bekk mellom Indre og Ytre Rostølstjørn.
  • Minstevassføring i Lilandsåna.
  • Minstevassføring i Ljosdalsåna.
  • Minstevassføring i hovudløpet til Sira.
  • Magasinrestriksjonar i Valevatn / Gravatn.
Vedrørande storleik på minstevassføring: I dei tilfella der fagrapportane frå Terrateknikk har tilrådingar når det gjeld vannmengdar, ser ein det som ønskeleg å fylgja desse tilrådingane. I dei tilfella der det ikkje føreligg slike tilrådingar, kan alminneleg lågvannsføring vera eit utgangspunkt. Men det er ikkje konkludert på dette punkt ennå.
Vedrørande magasinrestriksjonar i Valevatn / Gravatn: Ein har førebels ikkje spesifisert nærare kva magasinrestriksjonane bør omfatta. Signalet frå gruppa er at den køyringa ein har sett av magasinet i inneverande år, med svært låge magasin-nivå, ikkje er tilrådeleg. Dette går på utsjånaden til magasinet og at tilkomst blir avskoren for grunneigerar, sankelag og andre.
Tiltak med 2. prioritet:
  • Prøveprosjekt med foring av fisk i eit vatn i Sira.
  • Prøveprosjekt med utskyting av måker i nordlege delar av vannområdet.
For begge desse tiltaka må det gjennomførast ei konsekvensutgreiing og ein søknadsprosess før dei evt. kan gjennomførast.
Bakgrunnen for tiltaket med foring av fisk er å sjå om ein på den måten kan oppnå fin fiskestorleik og dermed auka interesse for å fiska.
Bakgrunnen for tiltaket med utskyting av måker er å reversera spreiinga av parasittar i fiskebestandane.
Tiltak der ein avventar innstilling til etter nyttår:
 
  • Planar for opprensking i sedimentavsetjingar og tilgroing i og rundt elvelaupa.
Ein ser føre seg at dette er tiltak som bør prioriterast, men ein avventar prioritering til Sira Kvina kraftselskap legg fram sine planar for desse tiltaka. Planane vil bli lagt fram innan årsskiftet.
 
Tiltak som ikkje er prioriterte:
  • Minstevassføring i Skjerevassåna.
  • Minstevassføring i Smogåna.
  • Minstevassføring i Stølsdalsbekken frå Storetjødn til Lunde.
  • Reguleringsrestriksjonar i Svartevatnsmagasinet.
  • Reguleringsrestriksjonar i Kvifjorden.
 
Kvina:
 
Førebels prioritert liste:
(Det vil vera møte i Fagråd for fisk i Kvina, som er tiltaksanalysegruppe for Kvina, den 10. des. 2013. Det kan på det møtet koma endringar i nedanforståande liste over prioriterte tiltak.)
1.         Oppjustering av minstevassføringa i Kvina. Minstevassføringa fastsetjest til alminneleg minstevassføring: 8,1 m3 pr sek. målt ved Rafoss.
Kostnadar dekkast av Sira Kvina Kraftselskap.
2.         Biotopforbetrande tiltak i Kvina. 5 millionar kroner fordelt over ein 5-års periode. Kostnadar dekkast av Sira Kvina kraftselskap.
2.         Opprydding av Knabesanden i Kvina. Kostnad på 20 millionar kroner dekkast av staten ved Miljødirektoratet og av Sira Kvina kraftselskap
4.         Vidareføring eller evt. oppjustering av Krypsivprosjektet i Kvina.
Kostnadar på kr 300 000.- pr år dekkast gjennom ei vidareføring av eksisterande ordning med Krypsivprosjektet på Sørlandet.
Tiltak som ikkje er prioriterte:      
-Magasinrestriksjonar i Kvifjorden i sommarhalvåret. Fagrådet for fisk i Kvina ser at NVE og Miljødirektoratet har foreslått dette tiltaket, men fagrådet meiner at ein vil oppnå større miljøforbetringar i høve til eit kost / nytte- perspektiv med å prioritera dei andre tiltaka som er foreslått.
 
 
Kystvannsforekomstar:
 
Arbeidet med tiltaksanalysar for kystvannsforekomstane er utført av Terje Åmot i prosjektet “Rene Listerfjorder.” Det er styringsgruppa for dette prosjektet som har vore tiltaksanalysegruppe. Tiltaka som vil verta spelte inn i tiltaksplanen er:
 
  • Regulering av vannføringa gjennom Åna Sira kraftstasjon. Fysiske tiltak for å føra laks og ål opp til Lundevann. Tiltak for å hindra at laks og ål går inn i turbinane.
  • Rutinemessig oppfølging via overvåkingsprogram av Hidrasundet, Stolsfjorden, Lafjord, Grisefjorden, Logakanalen og Indre og Ytre Fedafjorden.
  • Miljøundersøking / risikovurdering av Rasvågen og vannforekomstar rundt Simek as.
  • Mudring og tildekking av forureina sediment i Tjørsvågbukta, overvåking av vannkvalitet.
  • Opprydding i forureina sjøsediment i Grisefjorden og Logakanalen og Indre Fedafjorden.
  • Reduksjon i utslepp av miljøgifter frå Eramet i Indre Fedafjorden.
 
Dersom Kvinesdal kommune ønskjer å prioritera enkelte tiltak framfor andre / omrokera på listene eller dersom dei meiner at enkelte tiltak bør takast ut av desse listene og andre setjast inn, kan det gjerast vedtak om dette. Tiltaksanalysegruppene vil ikkje bindast av slike vedtak, men dei politiske innspela vil verta lagte med når tiltaksplanen sendest Vest-Agder fylkeskommune for endeleg prioritering
 
 
 
Nedre del av Sira og Feda- og Finså-vassdraga:
 
Førebels uprioritert liste av tiltak (prioritering av tiltaka vil verta gjennomført i møte 11.12.2013):
  • Agder Energi engasjerar Terrateknikk for utarbeiding av fagrapportar vedrørande behov for minstevassføring i Hemså og Finså. Rapportane utarbeidest etter same mal som Terrateknikk sine ferdige rapportar for t.d. Skjerevassåna og Lilandsåna. I utgangspunktet ser ein føre seg at tiltaksanalyse-gruppa vil slutta seg til dei tilrådingar Terrateknikk kjem til i desse fagrapportane.
  • Agder Energi utarbeider og igangsett ein rullerande plan for rydding av elvelaupa mellom Furevatnet, Nespervatnet, Bjørnestadvatnet og Sirdalsvatn.
  • Sira Kvina kraftselskap og Agder energi utarbeider ein plan for biotopforbetrande tiltak i Sira, Finså og Feda.
  • Sira Kvina kraftselskap kontaktar dei relevante fagmiljø for å få klarlagt følgjande spørsmål:                 -Finst det framleis røye i Lundevatn?
-Er nedgangen i røye-bestanden forårsaka av reguleringa av Lundevannet?
-I så fall: Kva for tiltak bør gjennomførast for å re-etablera røye-stammen i Lundevannet?
I fylgjande saker vil ein konklusjon verta utsett til etter neste møte:
  • -Miljøtilpassa driftsvannføring i Åna Sira kraftstasjon.
  • -Minstevassføring i Sira frå utløp av Lundevatnet til sjøen.
  • -Evt. tiltak vedr. laks / ål.
I fylgjande saker er tiltaka å rekna som utførte og dei vert dermed tekne bort frå prioriteringslista:
  • -Tiltaka i Øksendalsåna er i overvegande grad gjennomført i tråd med tiltaksplanen som vart utarbeidd i etterkant av fagrapporten frå Terrateknikk.
  • -Minstevassføring mellom Høylandsbotn og Høylandsfoss kraftstasjon er ivareteke i samsvar med ny konsesjon for dette elve-avsnittet.
Fylgjande punkt vart fråfalne og vil ikkje verta tekne med på prioritert liste:
  • -Restriksjonar på magasinkøyringa i Bjørnestadvannet.
 
Tore Kvæven, prosjektleiar Sira – Kvina vannområde.
Tlf: 48 23 94 22.

E-post: Tore.kvaeven@sirdal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut