Vandretur til heiegarden Førland i Lund

Vandretur til heiegarden Førland i Lund

Sundag 17. august kl. 09.30

Tema:

- Skjøtsel av beite på Førland. v/bonde Andrê Kjørmo

- Kvifor er dette eit landskapsvernområde? v/Vegard Ankarstrand, Fylkesmannen

- Nokre fakta om dei siste som budde her. v/Torbjørn Kjørmo

 

Ta med grillmat/niste og drikke, så ordnar me varm grill!

Du kan enten starte turen frå Hovsherad eller frå Ualand.

Frå Hovsherad er det transport opp skogsveg 2-3 km og derifrå går ein i terrenget ca 1 time (2,5 km), rel. flatt terreng langs vatnet og gjennom ur. Du kan også få båtskyss inn vatnet. Då blir det ca 15 minutt å gå i terrenget.

Frå Ualand går ein i terrenget ca 1-1 ½ time (4 km), litt stigning i starten og elles småkupert terreng.

Frammøte Hovsherad kl. 09.30:
ved krysset til Steinberg, 3,5 km etter passert Eik sentrum mot Bjørnestad på fv. 3 (sjå kart neste side!). Der fyller me opp bilar og planlegg parkeringa på heia før me køyrer samla opp skogsveg til parkeringsplass (skogsvegen kun eigna for høge firhjulstrekkarar).

Har du ikkje bil til å køyre heilt opp med, så er det fint om du gjev oss beskjed pr tlf. i førevegen slik at me lettare kan organisere transporten.
(kontaktpers. og los: Andrê Kjørmo, tlf. 95 85 55 80)

Frammøte Ualand kl 09.30:
ved Coop Marked Ualand for samla køyring til startstad på Bjuland.
(kontaktpers. og los: Per Børge Ollestad, tlf. 90 68 29 79)

Retur frå Førland i 14-tida til h.h.v Hovsherad og Ualand.

Meir info hjå NLR Dalane, tlf. 51 49 72 88 el. 970 14 117 el. dalane@lr.no

 

Alle velkomne!

Arr.: Lund Sau og Geit og NLR Dalane

Tips ein ven Skriv ut