Tilskudd til fornying av grøfter på fulldyrket jord fra 01.01.2013

Les her kommentar fra Fylkesmannens landbruksavdeling (Nono Dimby):

grøfting
grøfting

 "Vi veit ikkje om grøftetilskotet blir innført som ei varig tilskotsordning framover eller om den berre vil vere gjeldande for 2013. Desse grøftemidlane skal forvaltast gjennom SMIL-ordninga. Midlane som no er øyremerka grøfting, skal fordelast til fylka etter mengde fulldyrka areal. Korn-, grønsaks- og potet-areal blir tillagt dobbel vekt. Fylkesmannen i Rogaland vurderer for 2013 å fordele Rogaland sin del av dette grøftetilskot etter kva prosentvis del av fulldyrka jord kvar kommune har i høve til totalt fulldyrka areal i Rogaland. Tildeling av grøftetilskotet vil bli gjort i samband med tildeling av SMIL-midlar for 2013.

Fulldyrka jord med god dreneringstilstand er avgjerande for å nå det nasjonale målet om 1 % i årleg auke av matproduksjonen. Ei jord i god dreneringstilstand aukar avlinga på same gjødslingsnivå, reduserer faren for erosjon, reduserer faren for utvasking av næringsstoff og slepp ut mindre lystgass enn vassmetta jord.

Vi ventar på nærare nasjonale retningslinjer for korleis grøftetilskotet skal tildelast. Det vi førebels kan stadfeste, er at grøftetilskotet på 1000 kr/daa berre gjeld til fornying av grøfter på allereie fulldyrka areal, søkjar må ha Miljøplan trinn 2 (stadfesting av føretakets miljø- og kulturverdiar og prioritering av aktuelle tiltak) og søknader om grøftetilskot skal innehalde ein grøfteplan med kart. Det gis ikkje grøftetilskot til oppstarta grøftetiltak."