På skattejakt i eige lokalmiljø

Høgskulen for Landbruk- og Bygdenæringar (HLB) tilbyr i vårsemesteret 2011 eit høgskulekurs på 15 studiepoeng, som har fått namnet ”På skattejakt i eige lokalmiljø”.

Kurset handlar om det å kunne identifisere, fortolke og formidle natur- og kulturressursar i eigne omgivnader, til turistar eller andre besøkande. God formidling og historieforteljing har ofte vist seg å auke etterspurnaden og verdien av produktet/tenesta som blir tilbydd, noko som er ein tydeleg trend i marknaden.
Vi er på full fart inn i opplevingsøkonomien!

Kurset vil vere særs relevant for bedrifter innan det landbruks- og bygdebaserte reiselivet, men generelt innan det småskala reiselivet der ein legg vekt på å skape verdiar gjennom formidling. Inn på tunet tilbydarar vil også kunne ha stor nytte av kurset, til dømes der garden blir nytta i pedagogisk samanheng. Kurset eignar seg vidare for rettleiarar som treng slik kunnskap i arbeidet med nærings- og bygdeutvikling i kommunar og regionar.

Kurset har kome i stand gjennom eit samarbeid mellom bransjeorganisasjonen Hanen-Rogaland, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Rogaland fylkeskommune.

Søknadtil studiet innan 5. januar 2011, via nettstaden til HLB.

Les meir om kurset her.



Tips ein ven Skriv ut