Momskompensasjon for lag og foreninger

Søknadsfrist for å søke om momskompensasjon for lag og forninger er 1 september 2014

 

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2014. Det er viktig å merke seg at underledd skal søkje via sitt sentralledd. I år vil difor søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet bli avviste. Tidlegare har vi lagt desse til sentralleddet sin søknad, men det blir ikkje gjort frå og med i år.


Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.


Vi ønskjer å nå fleire
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. 


De kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsidene våre www.momskompensasjon.no. Her finn du også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss pr. e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.


Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.


Søknadsfrist
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2014.
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Med helsing
Lotteri- og stiftelsestilsynet
tlf: 57 82 80 00, postmottak@lottstift.no, www.lottstift.no

 

Tips ein ven Skriv ut