NLR Dalane Logo

Norsk Landbruksrådgiving Dalane

Maskinførarkurs i Dalane

22. - 25. januar 2015 (kveld/dag)

På Landbrukssenteret, Helleland.

Pris:
Kr. 5 000,- for medlemmer.
Kr. 5 700,- for ikkje-medlemmer.

Det er plass til maks 30 deltakarar, så "først til mølla......".

Kurset startar torsdag kl. 17. Det held fram fredagen med oppstart kl. 15, og på laurdag og sundag går det på dagtid.

 

Kurset er eit samarbeid med Kristiansand Truckopplæring ANS (ATS-041, sert. av ASAS). Dei er fagansvarleg for kurset.

 

Eit bestått maskinførarkurs vil gje bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, doser, veghøvel og anleggsdumper.

 

For å ha lov til å køyre desse maskinane må ein gjennomføre ein praktisk køyreeksamen pr. maskintype. Tidspunkt for denne blir bestemt etter nærare avtale.

Praksiskravet for å ta køyreeksamen er minst 40 timar praktisk bruk pr. maskintype. Praksisen må dokumenterast av ein fadder (godkjent maskinførar med kompetansebevis/fagbrev og minst 3 års erfaring/praksis med aktuelt utstyr). Den enkelte deltakar må sjølv sikre seg tilgang på eigen fadder.

 

Ved bestått teoretisk og praktisk eksamen får ein maskinførarbevis.

Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast innafor eit bestemt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

Du treng ikkje ha køyrt aktuell maskintype før du tek teoridelen.

 

Påmelding til NLR Dalane, tlf. 51 49 72 88 / 970 14 117 eller dalane@lr.no

Tips ein ven Skriv ut