Gjødselspredning

Våren dette året er sein, og det ser ut til at det enno vil gå mange dagar før bøndene kan starta våronna. Det har vore frost om nettene fram til no, og det er ikkje grunn til å forventa at jorda vert frostfri før langt ut i april. Dette saman med ein haust der mange ikkje fekk spreidd den gjødselmengda ein hadde planlagt, i kombinasjon med tidleg innsett av beitedyr, har ført til at mange nå har overfylte gjødsellager.

Gjødselvareforskrifta er klar på at husdyrgjødsel ikkje kan spreiast på snødekt eller frosen mark – same kva kalenderen viser. Fylkesmannen i Rogaland har nyleg på deira heimeside definert begrepet frostfri mark – og konkludert at minst 15 cm av det øvste jordlaget må vera tint for at jorda skal kunne reknast som frostfri. På innmarksbeite vil Landbrukskontoret i Lund godkjenna 10 cm frostfritt jordlag.

Etter gjødselvareforskrifta er det kommunane som kan gi dispensasjon frå forskrifta i høve til spreietidspunkt. Regelverket opnar for dispensasjon for spreiing før jorda kan kallast frostfri, men landbrukskontora i Lund, Bjerkreim og på Jæren er samde om at ein slik dispensasjon må ”sitja langt inne”.

Også for best mogleg økonomisk og agronomisk utnytting av husdyrgjødsla, rår vi til at ein ventar med gjødsling til jorda er frostfri og veksten er i gang.

Kommunane forventar også at ein, før ein eventuelt søkjer dispensasjon, har sjekka med naboar og/eller entreprenørar som tilbyr slike tenester om det er mogleg å finna ledig lagringsplass innafor rimeleg avstand.

Vi oppmodar også bønder som har ledig lagringsplass om snarast melda dette inn til entreprenørar som utfører flytting av gjødsel eller til landbrukskontoret. Ver merksam på at eldre gjødsellager som ikkje har vore i bruk på ei stund, kan vera utette og derfor må takast i bruk med stor varsemd.

Landbrukskontora i Lund, Bjerkreim og på Jæren har vorte samde om at vi kan vurdera å gi dispensasjon frå gjødselvareforskrifta for spreiing på areal der risiko for avrenning til vassdrag og forureining er minimal. Slike areal kan vera:

- Flate areal og/eller ”dalsøkk” som ligg minst 50 meter frå vassdrag (vatn, elvar, bekkjer, opne kanalar og grøfter)

Det må liggja føre skriftleg søknad (pr. brev, e-post eller personleg frammøte) der det vert gjort greie for:

- om ”alle steinar er snudd» for å forlenga lagerkapasiteten gjennom transport til andre lager m.v.

- arealet der gjødsla er tenkt spreidd (med evnt kart), avstand til vassdrag, topografi, jordtype m.v.

- kor mykje og kva slag gjødsel som er tenkt spreidd

- spreiemetode (spreiemetodar som gir minst mogleg køyring på frosen mark er å føretrekkje)

- om gjødsla skal pløyast ned eller om det er permanent eng/beite

Vi understrekar at dispensasjonar berre vil verta gitt som nødløysing der det ikkje lenger er ledig kapasitet i gjødsellageret, og for å forlenga lagerkapasiteten med 1 - 2 veker.

Landbrukskontoret har utarbeidd eit enkelt søknadsskjema, dette finn du under.

Vi legg opp til ei rask saksbehandling, men ingen må spreia gjødsel før kommunen har gitt dispensasjon til å køyra ut husdyrgjødsla.

 

Dersom du har behov for å køyra ut husdyrgjødsel ber vi om at du kontaktar fylgjande personar:

Solfrid Birkeland på telefon 51 40 47 80 eller solfrid@lund.kommune.no