IMG_7197

Takk for meg - frå eksrådmann Ståle

 
Første september 2014 begynte eg som kommunalsjef økonomi i Lund kommune. Etter å ha arbeidd med det i om lag to månadar vart eg konstituert som rådmann. Stillinga som rådmann blei lyst ledig vinteren 2015, og eg begynte i den i juni det året. 
 
I den tid eg har arbeidd i kommunen har eg fått anledning til å vere med på  mangt som eg synes har vore interessant, eg nemner kort:
Gode økonomiske resultat i 2015, 2016 og 2017 slik at kommunen har fått bygd seg opp ein ”sparekonto” (disposisjonsfond) på ca 20 mill
Arbeid med flomsikring av Moi sentrum
Arbeid med kommunereformen og avvikling av folkeavstemning
Åpning av nye Heskestad barnehage og åpning av nytt bygg ved Haukland bofellesskap
Åpning av dagsentertilbod
Vennskapskommunebesøk
 
………og sist men ikkje minst at Lund sjukeheim er blitt sertifisert som ”Livsgledesykehjem".
 
Heile tida har samarbeidet med både politikarar, dei  andre i administrasjonen, andre tilsette og tillitsvalde vore godt. Eg trur eg vil våge å komme med den påstanden at Lund kommune i dag framstår som ein veldriven organisasjon med omdømme. Med dette som utgangspunkt, og med ny E 39 og forhåpentlegvis eit oppgradert Moi sentrum, bør det vere gode sjansar for at kommunen kan sjå framtida lyst i møte.Og hugs å ta vel imot den nye rådmannen Siv Kristin Egenes......
 
I går, torsdag 6. september, hadde kommunen stelt i stand flott avslutning (sjå eigen artikkel om dette). Takk for flotte gåver frå kommunen og mine medarbeidarar, mellom anna måleriet "På Flukt", måla av lokal kunstnar. Takk til ordførar Olav Hafstad, kommunalsjef John Skåland og kommunalsjef Lise Moen for fine talar, med mange gode ord med på vegen vidare. Takk til Arvid Hunsbeth, Ingunn og Vidar Mydland for flotte musikkinsklag, og takk til alle de andre som var med på å gjere dette til ein slik minnerik dag.
 
Eg har hatt fire gode og interessante år i Vakre Lund - Takk for meg!
 
07.09.18 
Ståle Manneråk Kongsvik
Tips ein ven Skriv ut